Langsæterdagane

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 06.09.2006

Nok ein gong vart det arrangert Langseterdagar i Stordal. Mykje folk var tilstades, og kosa seg.

Fredag var det samling på Trollkyrkjegarden. Mange frå bygdene kring dette fjellområde hadde teke turen inn.

Laurdagen var det Kvitlane som sto for tur, med gammal seterkultur som tema. Her fekk dei mange besøkande oppleve ysting, gamle handarbeidstradisjonar og sjå inn i det gamle Andersselet. Spesielt moro var det å smake på gamle matrettar, som til dømes mysebrøm. Ved elva var det høve for ungane å prøve gullgraving, skyting med pil og boge eller ta ein raftetur på elva. Ein vikingleir var også plassert her for anledninga.

Utpå ettermiddagen kom hesteopptoget, eit verkelig flott skue. Arrangør Stordal Sogelag hadde samla saman eit ti-tals gamle hestevogner, og nokre av desse fekk vi sjå med staute fjordingar spennt føre. Til glede for dei yngste, vart det høve til både å få sitje på vogn og å ri på hest etterpå. Hestekarane, som også var i aksjon under den store hesteferda, ga demonstrasjon på oppsaling og bruk av hest.

Søndagen var ikkje vergudane på lag, men likevel var det ein del folk som tok turen opp på Pusken. Prost Kjølberg held gudsteneste, Tonika og Stordal Hornmusikk sto for det musikalske.

Etter at folk fekk varme seg med brennsnut og rømmegraut, sirupsnittar og kaffi frå lokale produsentar, tok songgruppa Infinity opp tonen. Denne gruppa med seks damer frå Ålesund imponerte oss med flott a’capella song. Her var det mykje fint for øyra, frå kulokk til ABBA. Stordal Hornmusikk spelte så opp, og hadde fått med seg Intermezzo; to karar med trompet og gitar. Her fekk vi høyre improvisasjon frå Intermezzo. Desse to karane forsatte med eigne nummer, og rakk så vidt å spele ferdig, før regnet verkeleg auste ned.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as