Gamletida / oldtida

Historie frå oldtida i Stordal (10.000 f.kr. - 550 e.kr.)

Dette stoffet er henta frå bøkene skrevne av Toregardsslekta i Stordal;
Stordal og Langsætrane gjennom 10.000 år frå istid til nåtid

SUNNMØRE - STORDAL - LANGSÆTRANE FRÅ DEI ELDSTE TIDER



INTERESSANT KVINNEGRAV PÅ VINJE
Gjenstander frå kvinnegrav på Vinje

Ikkje mindre enn 40 gravhaugar er registrert i Stordal. Kvinnegrava frå Vinje frå slutten av Eldre Jernalder (400 - 500 e.kr) tyder på ein samfunnstruktur som krevde tett busetnad. Det har sannsynlegvis vore sterk lagdeling der ei lita gruppe har hatt høve til å samle eit overskot som i allefall delvis har vore omsett i luksusprega import (gullringar, sølv-og bronseringar, bronsekjeler og jernsaker).


ANDRE FUNN FRÅ STORDAL OG LANGSÆTRANE

Funn frå Jernalderen er gjort fleire stader opp gjennom bygda og også på Overøye.
Steinalderfunn, hellarar, bogestelle er gjort også i Langsæterområdet.
Folk har såleis budd i Stordal i etter måten store samfunn lenge før Vikingetida (750 - 1050 e.kr.).



-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --
eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as