Sykkeltrimmen 1. mai

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 01.05.2006

Det var rekordstor deltakelse i sykkeltrimmen i år. Det gode veret gjorde vel også sitt. Ein del motvind var det oppover dalen, men så vart farta nedatt desto større.

Over 320 stykker sykla mellom skulen og Mo, eller mellom Dyrkorn og skulen. Reknar ein dette i prosenter av folketalet i Stordal, blir det ikkje mange "heimesitjarar" att. Det vart også registrert ein del utabygdarar, både frå Liabygda, Ørskog, og Ålesund. Kan dette tyde på at sykkeltrim er meir populært enn appellar?

Elida hadde pynta sykkelen sin med flagg og bjørkeris. På lasset hadde ho med seg Evy.

Borna kosa seg på markane.

Vinnar av sykkel i år vart Bjørn Petter Haraldsvik, utflytta Stordaling.

Dei andre vinnarane er:

Forundringsekk: Emma Hoff
Forundringsekk: Kenneth Kamp
Forundringsekk: Malin Innselset Øyen
T-skjorte: Sandra Lovise Vad
T-skjorte: Martine Vinje Øvrebust
T-skorte: Eva Aasen
Drikkeflaske: Ida Moltu Staurset
Drikkeflaske: Emma Victoria Græsmo
Bamse: Solveig Kvammen
Nøkkelhank og svetteband: Oda Thorn
Nøkkelhank og svetteband: Henrik Innselset
Nøkkelhank og svetteband: Kjell Magne Hove
Svetteband: Leif Magne Vad

Det vart også trekt ut vinnarar av diverse andre premiar.
Tova tøfler: Thomas Solevågseide
Sengesett: Per Ivar Skodjereite
Fruktkorg: Matilde Vinje Øvrebust

Gunn Eli som vann sykkel i fjor, fekk trekke årets vinnar: Bjørn Petter Haraldsvik. Leiar i Tur og Trim, Reidun Bratland, kontrollerer at alt gjeng rett føre seg.

Rekordoppslutning på sykkeltrimmen i år, noko som førte til at det vart for lite sveler. Her utanfor Mo Bedehus.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as