Årsfesten for Stordalshallen

Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 21.03.2006

Full Stordalshall og stormande jubel då Hovslia arrangerte den 9. årsfesten for Stordalshallen laurdag.

"DJ Jonas", "MC Terje" og "Asle Daddy" i aksjon. Foto: Johan Vinje.

 

Ei rekkje innslag der det meste av "Hovsliarar" var involvert på den eine eller andre måten skapte åtgaum og jubel i salen utover kvelden. Men før dette var det ei meir "seriøs" avdeling med mellom anna ei formaning frå hallsjef "Hall-Geir" om korrekt behandling av parketten og utdeling av Pedroprisen sin "Optimistpris" som i år gjekk til Stordal Båteigarlag og for deira sin store innsats i og ved Stordal Småbåthamn.

Drivande blues med vokalist Ole Olai Øvrebust (alias Geir Hoff). Foto: Johan Vinje.

 

Det er igrunnen utruleg at ein i eit grendelag med såpass få innbyggjarar har ressursar og talent på så mange område som det som fekk utfolde seg laurdag. Både på og utanfor sjølve scena.

"Solsong". Foto: Johan Vinje.

 

Før middag og dans vart neste års arrangør annonsert, det er då Øvrebust sin tur til å arrangere.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as