Leitholplassen på Stavdal

Skrive av: Kristian Almås 23.januar 2006
Innlagt den 01.02.2006

På Stavdal går det i dag ein skogsveg frå fylkesvegen og opp gjennom Stavdalslia. Staden der denne skogsvegen startar, vart i gammal tid kalla Leithola. Her låg det for hundre år sidan ein husmannsplass som heitte Leitholplassen.

Restane etter murane finn ein i dag 40 meter framafor avkøyrsla for skogsvegen og litt ovafor fylkesvegen. I den tida det budde folk her, gjekk bygdevegen bak husa. Den gamle bygdevegen er i dag godt synleg mange stader heilt frå Stavåbrua, oppover og gjennom Stavdalstuna og vidare forbi Leitholplassen.

Bildet er tatt ca 1915, og personane er frå venstre: Arne Støle, Ole Petter Engeset. Så kjem søstrene Marte og Karen og deira halvsøster Ellen som alle var fødde på Leitholplassen og brukte då etternamnet Stavdal. Vidare ser vi Karl Støle og til sist Martinus Støle på trapphella. Arne Støle reiste seinare til USA. Ole Petter var gift med Marte, og dei budde i Engesetdal. Karen budde også i Engesetdal. Ho var gift to gonger, og i siste ekteskap med Johan Daniel Sivertsen Fylling hadde dei dottera Berntine Fylling. Berntine var i teneste her i Stordal i lang tid og mellom anna sætra ho i mange år på Botnastølen i Jøsvollbotnen.

Leitholplassen er også omtalt i bygdebøkene for Stordal. Bildet er å finne på side 219 i "Farne tider", og plassen er også omtalt i "Gard og ætt" side 284.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as