Møbelindustri

Møbelindustrien i Stordal

Møbelindustrien er den største næringa i kommunen.

Seks møbelfabrikkar og godt over 90 % av industriarbeidsplassane finn ein i dag innan møbel.
Produkta til møbelfabrikkane spenner frå kvilestolar og sofa til møblar til offentlege miljø og laminering. Dette styrkar inntrykket av Stordal som eit av dei leiande møbelsentra i fylket.
Ca. 430 personar har no sitt levebrød frå arbeid innan møbel i kommunen, med ei samla omsetning på godt over 400 mill kroner. Møbelverksemdene i Stordal har tradisjonar tilbake til 1930-åra. Dei små kjellarverksemdene som blei starta opp av ein eller to personar har fram til i dag utvikla seg til moderne industriverksemder,
som er hjørnesteinsverksemder i kommunen.



Infoside  Helland Møbler AS
Infoside  Hove Møbler AS
Infoside  Stordal Møbler AS
Infoside  Sitwell AS
Infoside  VAD AS

-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --
eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as