Fine forhold for alpinistar og turgåarar i Overøyeområdet.

Skrive av: Kristian Almås
Innlagt den 02.01.2006

Pomatrekket og det nye familietrekket er no i full drift i Overøye. Saman med dei andre utbetringane vil dette gi eit langt betre tilbod både for vanleg slalåmkøyring og for laussnøkøyring. Men tilbodet har blitt langt betre også for vanlege turgåarar.

No i romjula har løypetrakkemaskinen vore i aktivitet, og det er gode spor på begge sider av elva i området mellom Overøye og Almås. Som turgåar kan du til dømes sette på deg skiene ved parkeringsplassen i Overøye og gå til Kvitlene. Derifrå kan du gå på venstre sida av elva nedover dalen. Du vil då kunne sjå Stordal Alpinsenter frå andre sida av elva, og vidare vil du gå over Seljebotsmyrane. Seljebotsmyrane er eit naturvernområde. Området er verna på grunn av særeigne myrbiotopar, men eignar seg godt for turgåing på vinterstid. Du kan så krysse elva over Seljebotsbrua og gå tilbake til parkeringsplassen på den sida av elva. Dette blir ein tur på om lag 9 km.

Dette er berre eitt av dei turtilboda der Stordal Fjellservice no kan tilby oppkøyrde løyper.

Seljebotsmyrane

Aktører

Infoside  Langrenn, SIL
Infoside  Stordal Alpinsenter
Infoside  Alpint, SIL
Infoside  Fjellservice, SIL

-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --
eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as