Langsæterdagane 18.-19. august 2012

Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 09.05.2012

Stordal sogelag legg Langsæterdagane i år til helga 18. og 19. august.

Som kjent vart arrangementet avlyst i fjor.
I år satser ein på ny frisk, og i sentrum for aktivitetane laurdag 18. august på Kvitlane, "Stølsdagen", står sjølvsagt tillaging av mat på tradisjonell måte. Vi nemner ysting av ost, kjinning av smør, koking av mysebrøm m.m. Og det vert sjøvsagt høve til å smake på produkta! Ut over dette vert det mellom anna også synt fram handarbeid og handtverk, "Bondens marknad" med sal, det vert barneleikar og konkurransar og det vert dyr på stølen denne dagen. Søndag vert det Friluftsgudsteneste på Pusken, og det vert høve til å kjøpe seg mat begge dagar.

Stordal sogelag kjem attende med nærare detaljar rundt programmet seinare. Plakatar vil verte hengt opp i god tid.

Langseterdagane


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as