Informasjon om sjølve arbeidet med Stordalsportalen

Nedanfor vil du ved nokre underavsnitt få forskjellig informasjon om Stordalsportalen. Kvifor og korleis den kom i stand, kva som er gjort hittil og ikkje minst kva vi ønsker å gjere vidare i dei første månadane av året 2006.


Bakgrunn og utviklingsprosessen ved Stordalsportalen

Innlagt den 31.12.2005

Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal saman med Stordal Sogelag har vore svært aktive deltakarar i utviklinga av Stordalsportalen heilt frå starten av. Prosjekt Øvre Stordal er presentert i portalen. Sjå under fana Kva Skjer og her under Prosjekt Øvre Stordal.


Arbeidet med Stordalsportalen frå oktober 2004 og ut året 2005

Innlagt den 31.12.2005

Oppstart / Bakgrunn.
Opptakten til dette prosjektet, Stordalsportalen, var at representanter for Stordal bondelag gjennom eit områdetiltak starta planarbeidet med ei felles heimeside for landbruksrelaterte næringar i mai 2004. Det viste seg snart at dette kunne utvidast til eit mykje større prosjekt. Det er utført relativt store bakgrunnsundersøkelser i peri-oden mai til september. Dugnadsarbeid er kalkulert til kr. 20.000 i denne perioden.


Nærmare grunngjeving for kvifor vi har etablert Stordalsportalen

Innlagt den 31.12.2005

Dette er ført i pennen av Landbruket i Stordal sine representanter i desember 2005.

Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal søker no om BU-midlar til synleggjering av verdiar i Stordal kommune. Dette er eit stort prosjekt der vi har eit utstrakt samarbeid med Stordal Sogelag og Stordal Landbruksråd. Prosjektet involverer også dei mange laga og organisasjonane i Stordal, som driv med ideelt arbeid for barn og unge.


Vidare spesialtilrettelegging og kursing av aktører i Stordalsportalen i januar - mars 2006.

Innlagt den 31.12.2005

Det er viktig å sjå kva slags GRUNNLEGGENDE PRINSIPPER STORDALSPORTALEN ER BYGT PÅ. Disse prinsipper finn du i portalen ved å gå til:
Om Stordal, Om Stordalsportalen og grunnleggande prinsipper.


Strukturelle oversikter for den vidare spesialtilrettelegging og kursing

Innlagt den 31.12.2005

I det etterfylgjande kjem vi litt meir inn på kva dette heilt spesielle tilrettelegg-ingsarbeidet skal gå ut på.



-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --
eZ publish™ copyright © 1999-2019 eZ systems as