Stordal Sogenemnd

Adresse

v/Stordal Kommune
6250 Stordal

Telefon

70279100

Om Stordal Sogenemnd

Stordal sogenemnd er ei kommunal nemnd som vart vald første gong i 1979. Viktigaste oppgåva for denne nemnda har vore å legge til rette for utgjeving av bygdebøker i kommunen.

Første bind av Stordalssoga kom ut straks før jul 1989. Dette bindet har fått namnet "Farne tider" og er ei allmennsoge frå Stordal kommune frå dei første tider og fram til mellomkrigstida. Boka er på vel 500 sider og har om lag 200 bilde og illustrasjonar. Forfattaren av boka er Jostein Sande.

Andre bind av Stordalsoga kom ut straks før jul 2002. Dette bindet fekk namnet "Gard og ætt" og er ei gards- og ættesoge for Stordal kommune i tida frå om lag år 1800 til noko innpå 1900 talet. Denne boka vart skriven av Liv Randi Bjørlykke.

Begge desse bøkene kan ein få kjøpt ved å vende seg til Stordal kommune tlf. 70279100. Første bindet kostar kr 300,-, og det andre kostar kr 500,-. Kjøper ein begge bøkene samla, er prisen til saman kr 700,-.

Relaterte sider

Tema  Lag og Organisasjonar
Tema  Kultur

-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --
eZ publish™ copyright © 1999-2019 eZ systems as