Arbeidet med Stordalsportalen frå oktober 2004 og ut året 2005


Innlagt den 31.12.2005

Oppstart / Bakgrunn.
Opptakten til dette prosjektet, Stordalsportalen, var at representanter for Stordal bondelag gjennom eit områdetiltak starta planarbeidet med ei felles heimeside for landbruksrelaterte næringar i mai 2004. Det viste seg snart at dette kunne utvidast til eit mykje større prosjekt. Det er utført relativt store bakgrunnsundersøkelser i peri-oden mai til september. Dugnadsarbeid er kalkulert til kr. 20.000 i denne perioden.

Vi fann det riktig å kontakte leiaren for bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal, og det vart etablert eit utstrakt samarbeid mellom Øvre Stordal, Stordal Sogelag, Landbruksorganisasjonane og ei datagruppe i Stordal. Vi kalla så inn til eit Bygde-møte for felles presentasjon der vi ville vurdere dei forskjellige sider ved å etablere ein portal. Dette var eit dugnadsarbeid kalkulert til Kr. 25.000.

Stort møte i Grendasalen 23.11.04
Dette førte til eit stort møte i Grendasalen i Stordal den 23.11.04. Etter forskjellige innlegg og diskusjon konkluderte ein med at ein ville sette i gang forprosjekter i to etapper:

Det er skreve to omfattande dokumentarende rapporter i denne samanheng:

Stordal Kommune ytte støtte med Kr. 15.000 til kvar av disse fasene. Så langt var det nedlagt eit dugnadsarbeid vurdert til tilsaman Kr. 83.000.

Prosjektet - Stordalsportalen
Det blei så laga ein omfattande Forprosjektrapport som samtidig var retningslinjer for gjennomføring av prosjektet, datert 24.01.05. Denne rapporten var også grunn-lag for å søke Stordal Kommune om støtte. Dette blei gjeve med Kr. 43.000 til støtte i Fase I og Kr. 48.000 i støtte til Fase II. Dette var såleis også delt i to faser.
Stordalsportalen er for så vidt ferdig utvikla og en masse informasjon er allereie lagt inn. For å sjå kva slags datatekniske løysingar Stordalsportalen er bygt på, sjå Om Stordal, Om Stordalsportalen, Datamessig oppbygging.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as