Langsætrane består av to stølar, Kvitlane og Pusken. Her hadde dei 40 nederste gardane i bygda sommarsæter. Langsætrane var såleis dei største samla sæter-stølane på Vestlandet. Ein kan rekne med at det var sæterdrift på Langsætrane fram til midten av 1950 - talet.
Etter den tid har svært mange av dei gamle sæterhusa forfalle og kome bort. Men ennå kan du sjå att kombinerte sæterhus med sel og fjøs under. Dette var den klart vanlegaste byggeskikken. Stordal Sogelag har skreve eit omfattande temahefte om Langsætrane, stølane Pusken og Kvitlane.
I dag er her ei mengd hytter i
Langsæterområdet. Stordal Sogelag arrangerte
sommaren 2005 LANGSÆTERDAGANE over tre dagar til
ende. Sjå programma under Kva skjer.
Langsæterdagane. For at du skal få eit bilde av
korleis sæterdrifta gjekk føre seg i eldre
tider på Langsætrane, tek vi i det
etterfylgjande med
FRÅ LANGSÆTRANE I ELDRE TIDER.
Men først nokre innleiande orienteringer.
STORDALSVASSDRAGETS ØVRE DEL OG
LANGSÆTEROMRÅDET.
Frå dei innerste nedslagsfelta til Stordalsvassdraget
og ned til fjorden er det ca. 25 km.
NEDSLAGSFELTA / TILSIGSOMRÅDA / VATNA OG ELVANE
ER:
* Espedalsbotn, Espedalselva
* Storvatnområdet
* Isljevatnområdet med Yste Brynebotn
(Inste Brynebotn, vatnet og elva renn ned i Innfjorden)
Elvane frå Storvatnet og Isljevatnet møtest i
Elvabytet Elva herfrå får tilsig frå
Storådalen, vatn og elv.
* Dyrdalen, vatn og elv
* Jolbotnelva
* Kleivabotn, vatn og elv
Vatnet frå disse områda samlast til byrjinga av Storelva mellom Kvitlane og Pusken
DEI SENTRALE STØLSOMRÅDA, LANGSÆTRANE,
PUSKEN OG KVITLANE
Disse ligg ca. 2 km ovanfor øverste garden i bygda,
Overøye, og kunne for så vidt vore ein eigen
gard eller to ovanfor denne øvste garden.
Langsætrane ligg ikkje høgare over havet enn
Overøye og graset kjem omtrent samstundes i
sæterområda som på Overøye.
Beiteområda til Langsætrane er betydelege i
utstrekning og omfattar ovanståande beskrevne
område over nedslagsfelt etc. Frå
Langsætrane til dei inste beiteområda er det 3
- 5 km, altså snakkar ein om svært store
støls- og beiteområde.
SÆTERRETTIGHEITENE TIL
LANGSÆTEROMRÅDET
Det er gardsbruka nederst i Stordal; Hove, Vinje, Midtbust,
Øvrebust, Kvammen og Kirkebø som har
rettigheitene til disse områda. Tilsaman 200
mjølkekyr og ca 100 geiter beita i disse
områda på det meste (1945). Hertil var der
mykje ungdyr og sauer.
FUNN FRÅ ELDRE TIDER I
LANG-SÆTEROMRÅDET
Det er registrert fylgjande:
* Ved Litlevatnet, 2 hellere
* Ved Storvatnet, 2 tufter
* Ved Langsætra, 1 tuft
* I Dyrdalen, 1 bogestelle
* I Overøye,yngre jernalder, spyd
BRENSEL, VED OG TORV I LANGSÆTEROMRÅDET.
Til å drive så store stølar som
Langsætrane trongst det mykje brensel. Det var heilt
opp til nyare tid , for 50 år sidan, hogt ved i heile
området rundt sætrane. Likeleis var det drive
omfattande skjering av torv. Det stod ei rekkje
torvløer i området. Frå fleire
århundre attende er det funne store mengder
tyrirøtter og furustammer i myra. I eldre tider var
her nok store furuskogar i heile
Langsæterområdet og i Seljebotn.
FISKE, FANGST OG JAKT
I dei mange vatna og elvane i området var det nok eit rikt fiske etter aure og kræ frå dei eldste tider. Både dalefolk og bygdafolk dreiv dette fisket. Det er fortalt fleire historier om at ein fekk stor aure i fleire av vatna i eldre tider. Snarefangst etter ryper og hjortejakt har vore drive i Langsæterområda så langt attende ein kan minnast og frå dei tidlegaste tider.
ROVDYR; BJØRN,ULV OG REV
Det vert fortalt frå Jøsvoll at i 1760 var
ulven så nærgåande at det var farleg
å ferdast mellom gardane i området. På
stabburet på Jøsvoll hang i gamal tid ei rad
med ulv-og bjørnehaud. Det blei fortalt om 3
bjørnar i Jøsvoll og Stavdalsområdet i
1877. Bjørnane for vidare fram gjennom Seljebotn og
over til Valldal der dei blei skotne. Rovdyr var nok ei
svært alvorleg plage både for gards-og
sæterdrifta i Stordal i eldre tider. Siste gong det
var ulv i Toregarden var rundt århundreskiftet
FOKHAUGEN
Navnet Fokhaug er nevnt i 1656. Plassen Fokhaug er nemnd i
1692 då Nils og Peder Fochaug tilsaman betalte 2 ort
i husmannsskatt. På denne tida var Hove - Midtbust -
Øvrebust og Fokhaug ein del av Giskegodset. Dette
syner at det var ein samanheng mellom gardane nede i bygda
og plassen Fokhaug. Det er registrert 3 tufter etter dei
som har budd på plassen.
TROLLKIRKEGARDEN
Ved Elvabytet kan ein registrere avtegning av eit
halvsirkelforma gjerde med ein naturleg haug i midten. Det
er ein port i gjerdet med oppreiste heller. Går ein
opp i fjellsida kan anlegget observerast som ein heil
sirkel. Det er mogleg at sjølve namnet
Trollkirkegarden ikkje er så særs gamalt. Men
truleg er dette rester etter svært gammal
møteplass der folk frå bygdelaga Stordal,
Tresfjord, Måndalen, Innfjord og Valldal
møttest til marknad, stevne og kappleik.
GLIMT FRÅ PUSKEN PÅ LANGSÆTRANE I ELDRE TIDER
Dette er fortalt av Peder J. Hove
Langsætrane har frå uminnelege tider
høyrt til gardane nederst i bygda - Hove-Vinje-
Kvammen- Busengdal- Kirkebø- Midtbust-
Øvrebust. Det hadde ikkje vore mogeleg å drive
på same viset om dei ikkje hadde disse overlag gode
sommarbeita. Ingen veit noko eksakt tal for når denne
sætringa tok til, men det er mykje som tyder på
at det truleg var ein gong på 1600-talet. Men som
sagt, ingen veit noko sikkert om det.
Det var vanleg å flytte på Langsætrane
kring Jonsok. Før det hadde det vore sætring
på Høvsnakken for Hoves del . Det var oftast
14 dagar dei var der, somme tider lenger. Ein gjekk
då opp om kvelden og mjølka, låg der
natta over, mjølka om morgonen og tok mjølka
ned att då. Det var eit styr med å flytte
buskapen på sætrane. Mangt å ordna med.
Før ein kom så langt, hadde karane vore framme
og laga til ved for sommaren. Bruene skulle leggjast
på over Dyrdalselva, to bruer, ei for geitene og ei
for kyrne. Også bruer over Jolbotnelva og
Innfjordelva. Det gjekk med mykje ved på ein sommar,
spesielt for Hallvars- og Toregarden som hadde 45 - 50
geiter kvar.
Ein trong mykje ved til ostekoking. Veden vart hogd
på ulike stader alt etter ver og føre. I
vintrar med god oppebære vart det hogd langt
frå stølen slik som i Fokhaug-lia og Storlia.
Då kunne ein bruka hest og det var lettvint å
køyre på isen fram i Storlia. Det vart
også prøvd med fløting i Stilleelva.
Det skulle ordnast i fjøsane, sjå etter
kubanda, spa ny lyngtorv i båsane, gjere klar
avkjølingskassene, sjå etter at vegen til
meieriet var nokonlunde farbar. No kunne kyrne jagast fram,
geitene var vanlegvis 14 dagar før kyrne, dei var
meir nøysame. Å jage kyrne fram tok om lag tre
timar. Det vart mykje springing etter dei på fyrsten,
dei skulle beite i enga langs vegen og det var ikkje
populært hjå dei som åtte marka. Men det
roa seg etter kvart og dei fylgde vegen.
Det var oftast 2-3 gardar som hadde sæterdeie i lag. På Pusken var det Elling, Skaffar og Sakris i lag og der var Elise Dybdal budeie i årevis. Når morgonstellet med dyra var ferdig og det ikkje var noko ekstra av eitt eller anna slag, kunne sæterdeia ta det med ro utover ei stund. Dei som var så heldige at dei hadde buskapar som kom heim til kvelds av seg sjølve, so var det forholdsvis enkelt. Buskapar som ga seg til i marka til seinkvelds var det værre med. Spesielt var Skaffar- og Ellingkyrne leie slik. Dybdals-Lisa måtte som oftast gå åt marka i 3-tida ettermiddag. Då måtte ho heilt inn i Elvabyte og kanskje til Espedalen i den tida soppen var på sitt beste. Ho kom ofte ikkje til stølen før i mørkninga ut på hausten. Og så var det mjølkinga etterpå.
Anders- og Nils- og Syvergarden hadde ei budeie , Olivia Eidsvik, til å sætra for seg. Ho var so overlag mørkredd. Hallvars- Tore- og dei på Bakeriet var i lag. Karoline Fremseter var budeie i Toreselet. Simå, Gurå og Gjestegarden og på Brautne var eit sæterlag. So var det dei på Øvrebust, Knutgarden, Kristafor og Arne garden var eit lag. Dei som var i lag på same sæterlaget køyrde sæterlass kvar si vike, det var som regel på fredag. Då hadde dei med sæterskrinet (sætermat) til budeia for ei veke. Og tok med mjølk og ost nedatt. Seinare vart det bygd meieri for båe stølane. Det stod der som hytta til Bjørn Hove no står. Det vart nytta vatn til drivkraft for separator og kjinne. Det var eit smørmeieri. Nils-Pella var meierske i mange år. Ein svært populær drikk var fløyte og saup, (kjernemjølk). Blanding 50-50. Ut i august var det slått av sætergjerde, det var slutten på slåttonna. Det var mykje til liv på stølen medan dette stod på. Ein brukte sjølsagt berre ljå her. Eg kan hugse at graset på Hallvars- og Toreteigane var mykje lenger-tjukkare i rota og grønare enn på dei andre teigane fordi dei hadde god og kraftig geitegjødsel i tillegg til kugjødsla.
Det hende somme tider når hestane kom på sætra og forsynte seg for mykje av det feite fjellgraset at magen kom i ulage. Dei bles opp i vomba (fekk ikkje frå seg gassen i magen), dette kalla dei "Trollet." Hesten fekk trollet. Då var den beste råna å gå og leie den ein tur (halde den i bevegelse). Sæterslåtten var vanlegvis unnagjort på ei vike, alt etter veret. Ungdommen og sume eldre med var ofte på Sætra i helgene, då gjerne med grammofon og dans på Puskebrua. Det var ei triveleg tid. So var det fisketurar inn på vatna, Storvatnet - Kleivavatnet.
På Kleiva var det stor fisk i 30-åra. Det var då det vart bygt hytte der. Fyrst på krigen vart det sett i gong arbeid på det som skulle bli vei over Innfjordfjellet. Til det trongst arbeidsbrakke og slik var det at Fokhaugstova vart bygd. Vegprosjektet vart nedlagt, og Turistforeninga overtok Fokhaugstova. Det var fleire som hadde torvløer. Toregarden hadde løe ved Stilleelva nedanfor Hotellhytta. Den var innretta med turkehjellar der torva vart lagd til tørk. Det vart også harva laus torvmasse som låg på bakken til tørk i godt ver, når det var von om det. Brenntorv vart også utstukke og tørka og køyrt ned til bygda. Torvstrøet vart brukt under husdyra for å suge til seg bløyta i for eksempel kalv- og grisebingen. På den måten kunne gjødselmassene aukast og ein kunne spare på kunstgjødsla og dermed på kronene som det alltid var forlite av.
Ellers var det mange episodar som då Tore-Pe skulle nedatt med torvlass. Komen heim i "Holane", nokre bratte bakkar nedanfor Stavdalen, (gamlevegen) losna eine selepinnen slik at eine skjækja losna. Dermed vrei vogna seg og også andre skjækja brotna. Vogna for no på sjølvstyr og farta auka. Pe kraup bak på lasset og venta på det som måtte kome, men det gjekk forholdsvis bra. Hesten tok det tolegt roleg oppe på Stavdalsbøen og ga seg til å ete. Vogna stoppa heldigvis i eit tre i vegkanten. Pe fekk seg nokre fjøler og spikar til reparasjon og bøtte skjækene. So gjekk det no bra denne gongen også.
Vegen frå Overøye vart i slutten av 30-åra omlagt og opprusta til bilveg. Den nye tida var komen til bygda. Arbeidet vart utført som pliktarbeid dvs. at dei med størst skyld måtte arbeide mest. Også bruene vart bygde på denne måten. Det var oftast drengene og sønene på garden som var med på dette.Basen på anlegget var ein erfaren vegarbeidar, Johan Talberg. Arbeidet gjekk over lang tid då dette som oftast vart gjort mellom "ønjene". No vart det slutt på å køyra sæterlass. No vart det mjølkebil og det vart slutt på meieridrifta. Under krigen vart denne fyrt med ved og vart heitande "Grua".
Sæterdrifta på "gamlemåten" heldt seg
fram mot 1965-åra. Då vart det ein periode der
dei la vekt på å ha vinterkalvande kyr og sende
dei tørre på sjølvstyr i sommartida.
Kring 1985-86 vart det skipa eit partslag (samdrift) og
oppdyrking av beite ca. 280 da. Det vart bygd fjøs
med moderne mjølkeanlegg og innleigd røktar.
Karoline- Olivia og Dybdals-Lisa var historie. Dette gjekk
godt i 12-15 år, men pga stadig dårligare
lønsemd i mjølkeproduksjon og overproduksjon,
samt lønsamheit generelt i landbruket gjekk ein
etter kvart trøytt. I år 2000 var
sæterdrifta for Toregarden og nokre andre
sæterbrukarar i samdrifta slutt og
mjølkekvotane seld.
Slik gjekk det.