Møbelindustrien i Stordal
Møbelindustrien er den største næringa
i kommunen.
Seks møbelfabrikkar og godt over 90 % av
industriarbeidsplassane finn ein i dag innan
møbel.
Produkta til møbelfabrikkane spenner frå
kvilestolar og sofa til møblar til offentlege
miljø og laminering. Dette styrkar inntrykket av
Stordal som eit av dei leiande møbelsentra i
fylket.
Ca. 430 personar har no sitt levebrød frå
arbeid innan møbel i kommunen, med ei samla
omsetning på godt over 400 mill kroner.
Møbelverksemdene i Stordal har tradisjonar tilbake
til 1930-åra. Dei små kjellarverksemdene som
blei starta opp av ein eller to personar har fram til i dag
utvikla seg til moderne industriverksemder,
som er hjørnesteinsverksemder i kommunen.