Det gjekk fort for seg når Stordal Møbler stilte opp i det heller uhøgtidlege NM i Møbelaking på Stranda i helga.
Møbelaking vart arrangert for fjerde gong, og mange fantasirike doningar og vågale folk var å sjå. Poenget er å få ein møbelliknande doning forast mogleg ned ei skiløype. Farkosten "Big Valley Saloon" med hestar og 11 personar ombord, var den første ut frå start. To utsendte "Saloonjenter" hadde då allereie i lang tid smiska med dommarpanelet. Saloonen kom i mål på tida 13,37, og dei heldt leiinga heil til siste doning var komen i mål. Her måtte både Hjellegjerde og Ekornes sjå seg slått av cowboys og cowgirls frå Stordal!
Seinare på kvelden vart fleire prisar delt ut, og
her fekk Stordalingane enno ein pris: Best in Show!
Dommarkommentaren lyder som følger: Stordal Møbler vil gjerne ha meir konkurranse, og oppfordrar dei andre møbelbedriftene å stille opp til neste år.
Les meir om Møbelaking på www.mobelaking.no |
Cowboys & Cowgirls Håvard og Silje til hest (pall) "Saloonjentene" Sunniva og Ingvill |
-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no
--