Full Stordalshall og stormande jubel då Hovslia arrangerte den 9. årsfesten for Stordalshallen laurdag.
"DJ Jonas", "MC Terje" og "Asle Daddy" i aksjon. Foto: Johan Vinje. |
Ei rekkje innslag der det meste av "Hovsliarar" var involvert på den eine eller andre måten skapte åtgaum og jubel i salen utover kvelden. Men før dette var det ei meir "seriøs" avdeling med mellom anna ei formaning frå hallsjef "Hall-Geir" om korrekt behandling av parketten og utdeling av Pedroprisen sin "Optimistpris" som i år gjekk til Stordal Båteigarlag og for deira sin store innsats i og ved Stordal Småbåthamn. |
Drivande blues med vokalist Ole Olai Øvrebust (alias Geir Hoff). Foto: Johan Vinje. |
Det er igrunnen utruleg at ein i eit grendelag med såpass få innbyggjarar har ressursar og talent på så mange område som det som fekk utfolde seg laurdag. Både på og utanfor sjølve scena. |
"Solsong". Foto: Johan Vinje. |
Før middag og dans vart neste års arrangør annonsert, det er då Øvrebust sin tur til å arrangere. |
-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no
--