Kulturprisen 2005

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 16.11.2005

Kulturprisen gjekk i år til to aktive damer som har gjordt ein fantastisk innsats for barn og unge gjennom mange år; Marna Overøye og Kirsti Almås.

Det var ordførar Charles Tøsse som delte ut prisen under eit arrangement på bedehuset fredag den 11. november.

- Det er to personar som har vore aktive spesielt her på bedehuset. Dei har halde på i lang tid og gjort slik at mange barn og unge har fått vere med i mange år, eg er sikker på at både foreldre og besteforeldre av ungar som er her i dag, har vore med, sa ordføraren.

Bedehuset var også arena for konsert med barnekoret denne kvelden, der dei framførte historia om Farao og Moses.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as