Stordal og Valldal Hornmusikk med bra innsats på Korpscup

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 16.11.2005

Den flotte innsatsen var på Korpscup på Molde den 12. November. Dei spelte eit variert programm med både marsj, norsk- og internasjonal musikk.

Hornmusikken deltok i 3. divisjon janitsiar og vart her nr. to. Med 97 av totalt 110 oppnåelege poeng, endte dei på ein god 5. plass totalt for alle divisjonane. Dommarane oppmoda korpsa å stille i 2. divisjon til neste år. Petter Lingås (frå Valldal) på trompet fekk solistprisen.

Dirigentane Lars Kaggerud og Jan Helge Andreassen var godt nøgd med framføringa.

Stordal og Valldal har med dette fortsett det gode samarbeidet som har resultert i mange flotte konsertar. Saman har dei framført bl.a. Abba, Elton John og Elvis musikk.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as