Spanande sommar

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 04.06.2009

Sommaren bringer gjerne med seg lange, late dagar. I Stordal, derimot, skjer det veldig mykje.

Her er noko av det du kan finne på i Stordal.

Ut på tur

Turlaget og Allidrettsgruppa har allereie gått ein del turar. Det vert ein tur til før sommarferien. Denne går den 17. juni til Vikahornet. Verdt å få med seg, utruleg til utsikt utover fjorden, jmf. månadens bilde for juni. Sjå heimesida www.stordalsportalen/stordalturlag

Kultur og musikk

Kyrkjehola Kulturbeite har no lagt fram sitt rikhaldige program for sesongen. Mykje spanande, frå Hulbekmo til Dagsland, Opdahl og Rotevatn. Musikk, utstilling, foredrag. Sjå meir om alle arrangementa på www.kyrkjehola.no

Fotball og moro

Stordalscup kjem også i år, med mykje fotball, tivoli, loppemarked og forskjellige aktivitetar. 850 fotballspelarar med støtteapparat inntek grasmatta helga 26. - 29. juni, enno fleire er å finne i hallen og på dei ulike aktivitetane som foregår i løpet av helga. Les om alt som skal skje på www.stordalscup.no

Barnas Kommune

Dette prosjektet har offisiell oning fredag den 26. juni, i forkant av Stordalscup. Men allereie dagane før vil det skje mykje morosamt for born i alle aldrar. Følg med på www.stordal.kommune.no og www.barnaskommune.no

Vil du sjå arrangementa dag for dag heile sommaren, gå inn på menypunktet "Kva skjer" . Her får du sommaren ferdig planlagt.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as