Årsmøte i antennelaget

Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 12.04.2009

Mandag 30.april heldt Stordal antennelag årsmøte på kommunestyresalen, og det vart der bestemt at Canal Digital skal vere leverandør av kanalar til antennelaget framover.

Dert vart også bestemt at det skal inngåast avtale med Canal Digital om at antennelaget skal ta inn og distribuere grunnpakken som eit minimum. Dei kanalane som gjeng inn i denne pakken vert analogt distribuert på kabelnettet i det antal det er utstyr til (11 kanalar), og kvar enkelt andelseigar betaler for desse gjennom årsavgifta til antennelaget. Vidare kan så kvar enkelt andelseigar inngå eigen avtale med Canal Digital om kjøp av meir kanalar. Ein vil då få ei dekoderboks til å fange opp dei digitale signala - som også vert sendt ut på kabelnettet. Ein vil då få dei kanalane som vert sendt ut analogt også inn digitalt. Antennelaget vil i næraste framtid sende ut informasjon rundt dette til andelseigarane.
Per Anker Vad vart på årsmøtet attvald som leiar, og Trine-Lise Bjørge som styremedlem. Ottar Røren vart valt inn som nytt styremedlem etter Thomas Henden som gjekk ut.

På bildet styre i Stordal antennelag, frå venstre: leiar Per Anker Vad, Trine Lise Bjørge, Svein Roar Tafjord, Georg Busengdal. Ottar Røren var ikkje til stades.

Stordal antennelag


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as