Nedtellinga har starta: ”The Final Countdown” i Stordalshallen 24. Januar!

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 13.01.2009

No kan du krysse av i kalendaren laurdag den 24. Januar. Då er det nemleg konsert i Stordalshallen med Stordal Hornmusikk.

Her blir det musikk som hovudsakleg er frå 80-talet, men med innslag også frå 70-talet. Kjende slagarar frå ABBA, Slade, Bette Midler, Frank Zappa, Jørn Hoel, Grease og norske Grand Prix-perler.

Med på lasset er songarane Elin Dyrkorn (frå Vaksvika), Janne Holseter (Vestnes), Peder Vikenes og Claus Hoff (begge frå Stordal). Sist men ikkje minst må det nemnast at Hornmusikken er forsterka med gutta i bandet Marius And The Outliggers.

Og til å halde det heile saman; ingen ringare enn dirigent Lars Kaggerud.

Som seg hør og bør på ein konsert, vert det gode kaker og kaffi til. Vel møtt!

Songarane f.v. Peder Vikenes, Elin Dyrkorn, Janne Holseter og Claus Hoff

Stordal Hornmusikk med dirigent Lars Kaggerud

Nokre av karane i Marius And The Outliggers, f.v. Karl-Petter Øie, Adrian Hoff og Åge Staurset

Mange notar å halde styr på...


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as