Nasjonaldag i sol og regn

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 20.05.2008

Stordalingane trassa vergudane, og stilte til tog og barneleikar som vanleg.

17. mai tog

Toget vart satt igang etter tre saluttar og fedrelandssongen, og sjølv sola kika fram. Ordførar og flaggborg gjekk først, Skulekorps og Hormusikken sytte for marsjane, Barnehage, Skulen og dei ulike foreiningane i tur og orden.

Tale ved Løsetstova

Det er alltid ein godt bevart løyndom kven som er talar, og i år var det Bjørg Moltu. Ho held ein god tale og kom blandt anna innpå Stordalshistorie frå krigen, noko som var særs interessant. Ho trakk også fram alle dei gode talenta innan sport og musikk, der nokre av dei sistnemde skulle opptre under Familiekvelden i idrettshallen same kveld.

Preike i Rosekyrkja

Prost Øystein Kjølberg forretta ved gudstenesta i Rosekyrkja, der dessverre ikkje alt for mange deltok.

Det gjekk også tog på Dyrkorn, frå høgt oppe ned til det nyoppussa Grendahuset.

Leik og moro

Det er ingen 17. mai utan borneleikar, is og pølse med brød, og dette vart servert i rikt monn i Stordalshallen på ettermiddagen. Veret skya til, det regna og var heller surt, så arrangørane skal ha takk for at det vart eit innearrangement.

Sang og musikk

Claus Hoff ønskte velkomen til familiekvald med underhaldning. Her fekk vi verkeleg sjå mykje av dei fantastiske musikaliteten til små og store i Stordal.

Publikum i hallen fekk høyre sigøynermusikk framført av Kristina Malene Stavseng, barnekoret sjarmerte med flagg og glad song. Jentegruppa Sherif imponerte med song og ymse instrumenter. Sivanja tok oss med til India med sin dans i eit flott tradisjonelt kostyme. Mannen som i følge konfransier Claus Hoff var like viktig for 17. mai som julenissen er for julaften; Terje Vang song eit par songar i dansebandsjangeren.

To av Stordalingane som opptrådde på Ungdomens kulturmønstring kom så på scena. Jenny Kristin Langlo song og spelte gitar med sin flotte eigenkomponerte ballade”Anymore”. Knut Sivert Vikenes, også han med song og gitar framførte mellom anna sitt bidrag til UKM; Blue.

Mykje flott musikk å høyre på nasjonaldagen, og sjølvsagt avslutning med ”Stordalssongen” der alle fekk røyste i.

   
   


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as