Ny styreleiar i Stordalsportalen

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 21.01.2008

John Kristian Hjelle vart einstemming vald til ny styreleiar i Stordalsportalen AS.

Det var på den ekstraordinære generalforsamlinga torsdag 17. januar, at det måtte veljast ny styreleiar etter Einar J. Hove, som brått fall frå. Hjelle, som var styremedlem, vart einstemmig vald til leiar. Jens Åge Øvrebust rykkte opp frå varaplass, og Ruth Janne Vinje kom inn som ny vara. Styret skal site til den ordinære generalforsamlinga på vårparten.

Det vart opplyst om at det no snart skulle ryddast opp i papira som gjeld Stordalsportalen og Stordal Sogelag. Det er laga plass på eit kontor i dei gamle Sesslokala.

John Kristian Hjelle


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as