Breiband til Dalingane

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 06.05.2007

Endeleg kjem det no eit tilbud til dei som bor eller har hytte fram i dalen.

Stordal Breiband er etablert av Tor og Bjørnar Midtbust. Dei tek sikte på å kunne levere breiband til Øvre Stordal; Røysetdalen fram til Ekre og Nørdalen fram til Overøye. Det skal vere klart til å ta i bruk allereie i løpet av mai. Brukaren får ein ein "gjer det sjølv" pakke, der han sjølv kan installere breibandet. For dei som ikkje er så nevenyttige, er det mogleg å få hjelp.

Meir info finn du på www.midtbust.no


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as