Rekordstor deltaking på sykkeltrimmen

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 02.05.2007

Det strålande veret på 1. mai fekk mange Stordalingar og andre ut av godstolen.

Leiar i tur og trim gruppa i SIL, Reidun Bratland, kunne fortelle om 305 startande i sykkeltrimmen.

Sykkeltrimmen gjekk den tradisjonelle ruta frå skulen til Mo. Tur og trim hadde på forhand oppmoda folk om å bruke både hjelm og refleksvest for å betre tryggleiken langs vegen. Fleirtalet held denne oppmodinga, og det var ikkje rapportert om alvorlege hendingar.

Framme ved Mo Bedehus, kunne dei trimmande kose seg med "Mo-sveler", stikkepinnerulla lodd og god prat. P. Øie har også i år sponsa ein sykkel som vart trekt ut på startnummera. Lars Andre Hove vart den heldige vinnaren. I tillegg vart det trekt ut premiar frå Sparebanken Møre og Shell.

Mykje folk og syklar ved Bedehuset på Mo

Trekking av gevinstar

Lars Andre Hove vart den heldige vinnaren av sykkelen!

 


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as