Stordal Turlag no med heimeside!

Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 29.04.2007

Stordal Turlag har no oppretta si eiga heimeside under Stordalsportalen.

Stordal Turlag vil arrangere fellesturar med varierande utfordring i tid, lengd og tyngd, og på enkelte turar vil kjentfolk vere med og fortelje om kultur og historie frå området.
Turlaget vil også arbeide for å kartlegge, beskrive og gjere kjent det utruleg fine turterrenget som vi har i heile kommunen og innover mot våre grannebygder.
Stordal Turlag samarbeider med Tur- og trimgruppa (Allidrettsgruppa) under Stordal Idrettslag for å arrangere større og mindre turar.
Skipinga av dette laget er ei erkjenning av behovet for å få til meir organiserte tiltak kring det å kartlegge, beskrive og gjere kjent det utruleg flotte turterrenget som vi har over heile kommunen og innover mot våre grannebygder. Dette sjølvsagt med det siktemål å få born, unge , eldre og alle slags brukergrupper på tur ut i våre naturområder. Det å halde i hevd kulturlandskapet, verne om og bruk av naturen og kulturminner og miljøet er også eit fokusert område. Du behøver ikkje vere sprek og spenstig som eit rådyr for å bli medlem, og Stordal Turlag oppfordrar deg herved til å støtte disse målsettingane ved å melde deg inn som medlem.

Sjå Stordal Turlag si heimeside under Stordalsportalen.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as