Triveleg konsert med mannskor og barnekor

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 26.04.2007

Ein fullsatt grendasal fekk oppleve mykje flott musikk torsdag kveld.

Ålesund Mandssangforenig hadde tatt turen til Stordal. Mykje av æra for det, skal nok det yngste medlemet i koret ha; stordalingen Terje Aasen. Terje har gjort byar av seg og syng i koret, og kva er vel meir naturleg enn å la sambygdingane få høyre litt flott mannssang?

Eit mannskor høyrest godt, og med sine djupe basstemmar og klangfulle akkordar, var det nok mange som fekk gåsehud. Ålesund Mandssangforening hadde ein variert meny. Dei tok oss med både til Island, Sverige, Russland og til det afro-amerikanske, gjennom negro spirituals. Sjølvsagt fekk vi og høyre norske salmar og songar.

Sjarmtrolla i Barnekoret inntok scena, og kunne både vere stille som mus eller brøle som løver. Vårkjensla kom over oss alle med ”Alle fugler” og ”Jeg gikk en tur på stien”.

Stordal og Liabygda Pensjonistlag serverte gode kaker og varm kaffi i pausen. Dagleg leiar for Stordalshallen, Hallgeir Hove, trekte ut jubileums-T-skjorter på inngongsbilletten, og delte også raust ut T-skjorter til kormedlemmane. Stordalshallen er som kjent 10 år i år. Det var også delt ut blomar til kora.

Mandssangforeninga fekk fortsette konserten. Dirigent Jostein Maude har vore organist i Stordal i ei periode, men viste seg og som ein habil songar i sitt solonummer. Han kunne fortelje ei historie om den gongen han skulle vere i Gamlekyrkja under ei Olsoksgudsteneste, men den som hadde nøkkelen hadde reist på ferie. Einaste råd var å dirke opp døra.

Vi takkar for mykje fin song denne kvelden, og håper at det ikkje er siste gong vi får høyre Ålesund Mandssangforening her i Stordal. Deira versjon av ”Så skimrande var aldrig havet” var fantastisk, og vi fekk oppmoding om å halde godt i handa på våre kjære. Og slike oppmodingar tek vi gjerne imot...


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as