Attraksjonar

Dette bør du sjå i Stordal

Stordal Bygdetun (bildet) består av Rosekyrkja, Prestestova, Løsetstova og eit gammalt stabbur. Desse er open for publikum i sommarhalvåret. Her har Kyrkjehola Kulturbeite sine arrangement på sommaren.

Rosekyrkja - frå 1789, vakkert dekorert innvendig. Open for besøkande i sommarhalvåret

Kokarsteinen - utsynplass på vegen utanfor Dyrkorn. Opprinneleg ein hellar som etter sagnet ga ly for reisande. Eit monument er reist av restane av denne store steinen. Her er det også kiosk, gatekjøkken og ein flott rasteplass med utsyn over Storfjorden.

Allmenningen - sentrum av Stordal. Sitteplassar, grøntareal, fontener. Utsikt over Stordalsvika, nær butikk og turistkontor.

Storelva - god lakseelv. Flott turveg langsmed elva for gåande/syklande. Strekker seg frå osen til Storheim.

Langsæterområdet - består av stølane Pusken og Kvitlane. Mange gamle sel og hytter. Turområde, badeplassar. Om vinteren er det trakka skiløyper innover fjellet. Alpinanlegg på Overøye.

Stordalshallen - allaktivitetshall reist på dugnad av folket i Stordal. Grendasal, idrettsarena, klatrevegg, skytebane, garderober og kjøkken. Passar til både idrettslege- og ikkje idrettslege arrangementer.

Kirkebø Stadion - fotball-/idrettstadion i forbindelse med Stordalshallen. Grasbane, grusbane, open kiosk ved arrangementer, tribuner.

Stordal Småbåthamn - koseleg hamn med plass til ca. 20 gjestebåtar. Molo med raste-/grillplass og utsikt over Stordalsvika. Servicehus.



Aktørar

Nokre av aktørane har valt å presentere seg litt grundigare.
Desse aktørane er merka med utheva skrift.

Infoside  Stordal Småbåthamn
Infoside  Rosekyrkja
Infoside  Stordalshallen
Infoside  Kokarsteinen Kiosk
Infoside  Stiftinga Ytste Skotet

Anna

File  Brosjyre - Stordalshallen 2005

-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --
eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as