Stordal Møbler NMmeister i Møbelaking

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 27.03.2007

Det gjekk fort for seg når Stordal Møbler stilte opp i det heller uhøgtidlege NM i Møbelaking på Stranda i helga.

Møbelaking vart arrangert for fjerde gong, og mange fantasirike doningar og vågale folk var å sjå. Poenget er å få ein møbelliknande doning forast mogleg ned ei skiløype.

Farkosten "Big Valley Saloon" med hestar og 11 personar ombord, var den første ut frå start. To utsendte "Saloonjenter" hadde då allereie i lang tid smiska med dommarpanelet. Saloonen kom i mål på tida 13,37, og dei heldt leiinga heil til siste doning var komen i mål. Her måtte både Hjellegjerde og Ekornes sjå seg slått av cowboys og cowgirls frå Stordal!

Seinare på kvelden vart fleire prisar delt ut, og her fekk Stordalingane enno ein pris: Best in Show! Dommarkommentaren lyder som følger:
Dommarane følte seg noko utrygge, nesten litt forført av sex og av frykt for livet. Meget godt tillaget doning, stor fart og eit riktig gjennomført show frå før start til lenge etter konkurransen er over.

Stordal Møbler vil gjerne ha meir konkurranse, og oppfordrar dei andre møbelbedriftene å stille opp til neste år.

Les meir om Møbelaking på www.mobelaking.no
Les meir om Stordal Møbler sin innsats på www.stordal.com

Cowboys & Cowgirls

Håvard og Silje til hest (pall)

"Saloonjentene" Sunniva og Ingvill


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as