God gammaldags bygdefest!

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 28.02.2007

Stordalshallen fyller i år 10 år, og dette måtte sjølvsagt feirast!

"Bære det ikkje rivna"
Det var denne gongen Øvrebustarane som hadde ansvaret for årsfesten i Stordalshallen. Ein velfylt hall fekk sjå film frå bygginga og dei 10 åra som har gått, før ordførar Charles ønskte velkommen.

Prisutdeling
Kveldens første post var prisutdelingar, og ikkje mindre enn tre prisar skulle utdelast.

Frå kommunen vart det delt ut kultutpris, som i år gjekk til idrettsutøvarane Thomas Kirkebø og Silje Aasen. Den sistnemte kunne dessverre ikkje kome, men fekk prisen for sin innsats på Snowboard. Thomas var tilstades, og kunne motta prisen for sin innsats på fotballbana.

Pedroprisen har også vorte ein årviss tradisjon, og i år var det A-laget i fotball som fekk tildelt prisen av Vigdis Hove.

Nytt av året var tildelinga av Bygdebyggjarprisen i regi av Innovasjon Norge, som skulle gå til ein person som gjer ein spesiell innsats for lokalsamfunnet sitt. Fortent må det vel seiast å vere når sjølvaste ”sveledame” Elin Parr fekk denne prisen.

Tyroller og sketsjar med lokalt tilsnitt
Så fekk Øvrebustarane vise kva dei var god for på scena. Dei starta friskt med tyrollerorkester og innmarsj. Vi fekk sjå sketsjar frå smørebua til alpingjengen, diverse tilstelningar som gjeng føre seg hos Øvrebust Plast(vel og merke ikkje plastproduksjon), kor vanskeleg det er for fødande å få kontakt med sjukehuset (har vannet gått – trykk stjerne) og vi fekk helse på bygdetullingen som skulle passe på sprekka i Åkernesrenna. Til og med ein verdsarvskog har dei funne fram til på Øvrebust! Ei flott blanding av parodi og mykje sjølvironi. Og rivna...det gjorde det ikkje!

Song og musikk
Musikkmiljøet på Øvrebust står sterkt, og mange gode musikarar og songarar var på scena. ”Idolstjerna” Maria Holand Tøsse song ”Walking on sunshine” til ære for sola som har komt att, vi fekk høyre Odd Einar Kalvø som kika på damer og song ”Ej må hegde mej”.

Alt i alt eit morosamt program med fin blanding av sketsjar og musikk. Det var eit veldig pluss at revyen også vart vist direkte på storskjerm, slik at dei litt bak i salen fekk sjå godt.

Til neste år vart Nejaføringane valt ut til å arrangere årsfest.

Ut i dei små timar...
Mesterkokken Jan Arne Hove diska opp med lammegryte og fløtepoteter til middag, før det kjende danseorkestert VestNorge spelte opp til dans.

Smørebua

Fødofonen

Ej må hegde mej

Verdsarv

Bygdetullingen

Alle foto: Storfjordnytt


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as