Konsert med Skulekorpset

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 14.02.2007

Etter ei kjekk øvingshelg, held Stordal Skulekorps med gjestekorps konsert.

Til øvingshelga hadde dei besøk av korpsa frå Harøy og Aspøy. Dei øvde inn 8 nummer, som vart framførde på søndag ettermiddag. Her fekk publikum høyre både koreansk og amerikansk "folkemusikk" og marsjar. Det var verkeleg imponerande å bli så flinke berre på to dagar! Til å hjelpe seg hadde dei dirigent Lars Kaggerud, Jarle Helgesen og Pål Amdam(trommis frå Vestnorge).

Også aspirantane spelte to flotte musikkstykker. Beate Kaggerud hadde hatt ansvaret for aspirantane, som berre har spelt instrument i eit halvt år.

Det var sjølvsagt ikkje berre hardt arbeid på øvingshelga. Borna hadde fått klatra, skote, hoppa trampoline, spelt volleyball og bada i svømmehallen. Dei aller yngste hadde også eigen akekonkurranse. Laurdagen vart avslutta med diskotek.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as