Kalde dagar

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 09.02.2007

Det er godt å vere innomhus no når gradestokken kryp nedover.

Vi har no heile veka hatt minusgrader på 15-16. Svært uvanleg for oss sunnmøringar, som er meir vande med regn og sludd.

Men vakkert er det, då. Når vi ser sola nærme seg på dagane, det blir lysare, måneskin og ein uhorveleg mengde stjerner på kveldane. Fjorden ser trollsk ut med eit lag frostrøyk.

Det er heldigvis meldt litt varmare, om enn ikkje plussgrader. Får vi 3 - 4 minusgrader, så kanskje vi greier å kome oss ut og nyte vinteren og godveret. Snakkast i løypa!

Link til Storm


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as