Givarglede til ny Kunstgrasbane på Kirkebø stadion

Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 07.02.2007

Vigdis Hove Øie frå Byggenemnda for kunstgras 2007 opplyser at ein så langt har fått inn pengar frå 21 givarar, som totalt har gitt kr. 77.000,-. I tillegg har ein fått tilsagn om gåver frå Sparebanken Møre på kr. 180.000,-!

Det er trekning av 2 VIP billettar til åpningskampen mellom Aafk og Start på Color Line stadion 9. april mellom dei som gir kr. 1000,- eller meir. Denne trekninga vert gjort for kvar av månadane januar, februar og mars, altså tilsaman 6 billettar - som er gitt av Sunnmørsposten. Det er allereie foretatt trekning mellom dei som ga no i januar, og vinnaren av dei to billettane vart Robert Timmers. Men for den som ikkje har gitt noko enno er det altså framleis ein sjanse til å vinne seg VIP-billettar. Vigdis Hove Øie oppmodar alle som kan om å gi ei gåve for å få realisert denne rehabiliteringa av Kirkebø stadion. Kontoen ein kan betale til har konto nummer 3910.30.65813. I tillegg sparer ein 28% av gavebeløp på mellom kr. 500,- og kr. 12.000,- i skatt.

Dokument Takk for gåva til Stordal IL kunstgras
Dokument kunstgrasbane_brosjyre_A4

Anna

File  Takk for gåva til Stordal IL kunstgras
File  kunstgrasbane_brosjyre_A4

-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --
eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as