James Bond i Stordalshallen

Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 07.02.2007

Det var full trøkk da eit samansett orkester av Stordal og Valldal hornmusikklag heldt konsert i Stordalshallen med musikk frå James Bond-filmane laurdag 03.02.2007.

Med solistar, kordamer, komp og konferansier Terje Aasen tok dei to hornmusikklaga tilhørarane med på ein musikalsk rundtur gjennom historia til James Bond-filmane, heilt frå byrjinga av 1960-talet og fram til våre dagar. Eit vellukka samarbeid mellom desse to hornmusikklaga som også kjenner kvarandre godt frå før. Under korpscupen i Molde i oktober oppnådde dei saman ein 3. plass i andre divisjon. Solistar under konserten i Stordalshallen var Peder Vikenes, Ingunn Drabløs, Odd Leif Tomren, Beate Kaggerud, Therese Myklebust og Elin Dyrkorn, mens Grete K. Andersen, Therese Myklebust og Beate Kaggerud utgjorde koret. Ivar Holsvik, Kjetil Strand og Andreas Torvik stod for kompet.

Nedanfor viser vi nokre bilder tekne på konserten. Alle bilda er tekne av Steinar Dyrkorn.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as