Ny leiar i Stordal Idrottslag

Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 05.01.2007

På årsmøte 7. desember vart Vigdis Hove Øie valt som ny leiar i Stordal Idrottslag.
Ho etterfølgjer Kjell Arne Midtbust, som har sete som leiar no i ei årrekkje.

På det fortsettande årsmøtet 4. januar vart leiarskiftet markert, og den nye leiaren kunne overrekke ein blomsterbukett til den avtroppande som takk for innsatsen.
Magne Tøsse vart valt som ny nestleiar til hovedstyret i SIL, mens Rune Støversten tok attval som styremedlem.

Bildet er teke av Reidun L. Bratland.

Den gamle og den nye leiaren i Stordal Idrottslag


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as