Fin opning av Stordalstunet

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 12.11.2006

Laurdag var det opning av Stordalstunet, og mykje folk var møtt opp.

Ingrid Løset ønskte velkomen til dei framøtte, og Tonika og Hornmusikken starta med ein felles framføring av Stordalsongen. Det vart litt meir musikk, for Ingrid Løset fortalde meir frå histria til gamleheimen. Det var kuriositetar, slik som at det aller første bygget kosta litt over 10 000 å bygge!

Leiar i byggnemnda, Sindre Helland sa litt om sjølve byggeprosessen. Dei hadde heile tida lagt vekt på at eventuelle overskridingar skulle vedtakast politisk, før dei vart gjennomført. Det sto enno att litt på utsida, mellom anna tilsåing av plen som må gjerast til våren. Også statua "Liv og vatn" skal etterkvar på plass.

Ordførar Charles Tøsse hadde også litt å fortelje, før han erklærte Stordalstunet offisielt opna. Dei ansatte og beboarane vart æra for det tolmodet dei hadde under byggeprosessen. Dei har haldt ut med bråk og omflyttingar på ein veldig god måte.

Det vart så fleire musikkinnslag med Kristoffer Olai Stavseng og Inna Krinicha og Maria Holan Tøsse.

Tilslutt vart det etter god sunnmørstradisjon, kaffi og kaker til dei frammøtte, og høve til å sjå seg litt rundt på ”heimen”. Det var kommentert at det var nesten som ein skulle ønske at ein kunne flytte inn allereie.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as