Hurtigruta på Dyrkorn

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 17.09.2006

Søndag kveld tok hurtigruta Nordstjernen ein stopp på Dyrkorn, og tradisjonen tru stillte dyrkornbygdarane opp med sveler.

Det var den gamle ”pensjonerte” hurtigruta Nordstjernen som var på tur frå Geiranger med passasjerar. 20-30 stykker hadde tatt turen ned på kaia denne vakre haustkvelden for å helse på turistane. Når hurtigruta var utanfor Dyrkorn i 19.30 tida, fekk folket ombord overbrakt sveler frå bunadkledde born og vaksne. Sveler og kaffi vart det også til dei som hadde møtt opp på kaia. Hurtigruta fortsatte så ferda vidare sørover kysten til Flåm.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as