Bli med på tur til Trollkyrkjegarden!

Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 30.08.2006

Trollkyrkjegardsdagen er ein del av Langsæterdagane, og er lagt til fredag 1. september.
Som ein del av dette vert det arrangert turar med førar frå dei omkringliggende bygdene.

Det vert turar inn til Trollkyrkjegarden både frå Valldal , Stordal og Innfjorden om morgonen/formiddagen, kan Einar J. Hove frå arrangøren Stordal Sogelag/Prosjekt Øvre Stordal, fortelje. Og på Trollkyrkjegarden vert det eit program der ein får mykje interessant informasjon om mellom anna sjølve Trollkyrkjegarden og Fokhaugen og Kamb-Ola, om Geologi, kulturminne, biologisk mangfold, rovdyrplager i eldre tider og anna. Han oppfordrar folk til å møte opp, og referer til oversikt over dei arrangerte turane og programmet for dagen. Dette finn du ved å trykke her.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as