Første skuledag

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 19.08.2006

Det var mange spente ungar somm møtte opp på skulen torsdag, mange med nye ranslar og penal. Første skuledag er ein stor dag, ikkje minst for dei som skal byrje i 1. klasse.

Rektor Bjørnar Midtbust ønskte velkomen til elevane og dei av foreldra som hadde møtt opp i Grendasalen. Skulen tel i dag 134 elevar, og det er 10 meir enn i fjor. Fire nye elevar har flytta til Stordal i sommar. Også to nye lærarar skal byrje i år; Oddbjørn Berge og Bjørn Egil Berge, ikkje i slekt sjølv om det kan høyrest slik ut.

Alle klassene med klasseforstandarar vart presentert og måtte vise seg fram på scena. 2. til 5. klasse vart utfordra av Bjørnar til å synge eit potpurri dei hadde lært til 17. mai i fjor. Det greidde dei veldig godt.

Heilt tilslutt var det dei yngste elevane sin tur. I første klasse er det i år 20 elevar, noko som er meir enn det har vore på mange år. Elevane vart presentert og stilte seg uredde opp på scena. Etterpå fekk dei kome til klasserommet sitt, og fann plassane sine. Alle var veldig flinke til å rette opp handa når dei skulle svare på spørsmål eller ville seie noko elles. Det lover godt for 10 år på Stordal Skule.

Førsteklassingane er:

1. rekke frå venstre: Tor-Erik Sæth Nakken, Josefine Dyrkorn Alne, Synne Parr Westerås, Henriette Lien, Marie Larsen Stavseng, Emilie Sylte Hove, Lill Karin Bratland, Vilde Lorgen Øvrebust, Katrin Nyli Innselset, Marina Alette Johnsen Rønning og Ingrid Soldal Vikane.

2. rekke frå venstre: lærar Hilde Rødset, Marius Helland Helgesen, Oskar Vinje Græsmo, Ådne Nakken, Patrik Høiberg Aasen, Hogne Jordskar, Preben Hauglid Tafjord, Lucas René van Zwieten, Jonas Bonsaksen Remme, Mathias Hauglid Tafjord og lærar Ingrid Røren.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as