Tid for ein ny hobby?

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 13.08.2006

Haustensesongen er oppstart for aktivitetane til dei mange lag og organisasjonar. Stordalsportalen har tatt ein prat med Magny Hauge Dyrkorn i Stordal Hornmusikk, som går inn i ein sesong med mange spennande prosjekt.

Bildet: Stordal Hornmusikklag anno 1937

Magny, som er fungerande leiar, fortel at første opptreden er allereie under Langsæterdagane søndag 3. september. Dei skal spele til gudstenesta, og har også nokre nummer litt seinare.

Hornmusikken vil også i år konkurrere under Korpscupen på Molde i oktober. Dette i samarbeid med Valldal Hornmusikklag. I fjor gjorde dei det ganske bra i denne konkurransa.

Etter nyttår blir det stor konsert med musikk frå James Bond. Korpset har hatt stor suksess tidlegare med slike temakonsertar, som f.eks. ABBA, Elton John og Elvis. Dette er også eit samarbeidsprosjekt med Valldal. Magny vil ikkje røpe så veldig mykje enno, men lovar at her blir det flott, både for auget og øyra.

1. mai er det planlagt vårkonsert saman med Skulekorpset. Det var på samme dato i fjor, og dette viste seg å vere ein passande dag for å lage ein slik konsert saman.

Elles er det ein del ”faste postar”, som adventskonsert, Helselagsbasar og ikkje minst 17. mai.

Magny vil gjerne invitere dei som har lyst, til å spele i hornmusikken. Det trengst folk til alle instrumentgrupper. Alle er velkomen til å prøve å spele, det gjer ingenting om ferdigheitene kanskje kan vere litt rustne. Ho lovar fin musikk, godt sosialt miljø og mykje moro.

Første øving er måndag 21. august kl. 20.00 i Grendasalen.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as