Koldtbord frå SKRUK

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 06.08.2006

Det var ein variert acapella konsert i Rosekyrkja publikum fekk høyre på fredagskvelden. Eller som Per Oddvar ”Prots” Hildre uttrykkte det: eit ”koldtbord” med alle slags rettar.

SKRUK er på turné, og kunne denne gongen legge konserten sin til Stordal. Dette mykje takka vere Odd Johan Overøye, som har ein del samarbeid med koret. Overøye har komponert eit tingingsverk for koret, ”Åndeleg sjømannssong” av Jakob Sande. Dette var eit av dei musikalske opplevingane publikum fekk denne kvelden.

SKRUK hadde ein litt mindre arena å boltre seg på enn dei er vande med, og dette resulterte i eit spennande oppsett. Songarane var tidvis plassert i midtgangen og ut på sidebenkane i kyrkja, noko som ga ein unik klang frå koret. Dette fekk vi høyre i blant anna opningssalmen, ”We shall walk in peace”.

Høgdepunkta stod i kø. Det var alt frå renessansemusikk til salmar og bedehussongar. To verkelege høgdepunkt var salmane ”Eg veit i himmelrik ei borg” og ”Med Jesus vil eg fare”. Den siste hadde tonen frå ein folketone frå Sykkylven. Veldig flott arrangert og med eit særs dyktig kor.

Kyrkja var som venta heilt full, og Kyrkjehola Kulturbeite kan nyte godt av nok ein suksess. Eva Hove i arrangementskomiteen takka koret og Prots for opptreden, og håpte at denne spesielle konsertarenaen hadde også gitt koret ei spesiell oppleving.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as