Vellykka Stordalscup

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 05.07.2006

Over 70 aldersbestemte lag var i aksjon på fotballbana laurdag og søndag. Som alltid(?) var vêrgudana på arrangørane si side.

Fotball
Det var mykje bra fotball og bra med mål. Fotballkampane tok til tidleg laurdags morgon, og var ikkje slutt før langt utpå ettermiddagen søndag. Eit møte med Aafk spelarane Joakim Austnes og Herman Ekeberg var svært populært blant dei unge håpefulle, os spesielt kjekt var det når dei spelte på kvar sitt lag i ein kamp.

Det var også andre fotballkjendisar i Stordal denne helga. Jonathan Parr, med røter frå Stordalen, demonstrerte sine trikseferdigheiter for dei skuelystne. I fotballkonkurransa(der ein skulle trikse og skyte på mål), vann stordalingen Fehim Hadzalic tur til Meråker.

Marknad
Som seg hør og bør under Stordalscup, var det ikkje berre på grasmatta ting skjedde. Vel 4000 tok turen innom Kirkebø Stadion og Stordalshallen. På loppemarknaden selde dei like mykje lopper som i fjor. Salsmessa var litt mindre enn den har vore åra før, men dette vil arrangøren ta tak i til neste år. Det vart selt rekordmykje mat(grillmat og kaker), så ryktet om denne smaksopplevelsen er i ferd med å spre seg.

Musikk
Musikalske innslag var det mykje av. Deludo, Ørskog Brass og Stordals eigne stjerner, Marita Reite Wiik, Åge Staurset, Knut Sivert Vikenes, Terje Vang og Maria Holand Tøsse, ga oss gode musikkopplevingar.

Aktivitetar
Forutan tivoliet, der ein kunne få både skumle og luftige opplevingar, var det tilbod om paintball og diskgolf. Paintball var veldig populært blant ungdommen, og mange blåkular kan vel skuldast denne aktiviteten. Det var Paintball klubben frå Vestnes som stillte opp med gevær og utstyr. Diskgolf er ein relativt ny sport i Norge, det er som ein slags golfspel med frisbee. Langevåg diskgolf viste korleis denne sporten skal utøvast, og dei som ville fekk prøve sjølv.

Utedans
Dansebandet Yankee spelte opp til dans laurdagskvelden, og omkring 750 betalande gjestar tok turen opp på bana for å svinge seg. Sommarnatta var mild og fin og la godt tilrette for ein vellykka utedans.

Lotteri
Mange bedrifter sponsar Stordalscup med premiar, og den heldige vinnar av 1. premien, ein Eternity stol med skammel frå Stordal Møbler, var Ann Elise Dyrkorn. Pia Tomren (frå arrangementskomiteen) vann seg ei spisestue med seks stolar og bord (eller evt.to kvilestolar med bord) frå Helland Møbler.

Takk frå arrangøren
Arrangørkomiteen, med Vigdis Hove Øie i spissen, vil rette ein stor takk til alle som var med, både spelarar, leiarar, dugnadsarbeidarar, sponsorar og publikum, og dei som bidro med gåver og lopper. Vigdis lover ein like flott Stordalscup til neste år, og ønsker alle velkomen igjen i 2007.

Resultater Stordalscup:

Damer:
1. Ørskog
2. Valldal
3. Stordal

Jenter 15/16 år:
1. Herd
2. Stordal
3. Ørskog
4. Vestnes/Varfjell

Smågutar 13 år:
1. Fiksdal/Rekdal/Tomrefjord
2. MSIL
3. Ørskog
4. Norborg

Smågutar 14 år:
1. Ørskog
2. Fiksdal/Rekdal/Tomrefjord
3. Stordal
4. Ravn
5. Norborg
6. Valldal

Småjenter 13/14 år:
1. Rollon 14 årslaget
2. Rollon 13 årslaget
3. Skodje
4. Vestnes/Varfjell
5. Ørskog
6. Valldal

Dommarprisen: Emil Staurset

Aktører

Infoside  Stordalscup

-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --
eZ publish™ copyright © 1999-2019 eZ systems as