Stordalscup i gang!

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 30.06.2006

I strålande sommarvêr vart den 26. Stordalscupen "sparka" i gang.

Hos Thomas Tivoli var stemninga høg og borna hadde allereie funne sine favorittar. Dei stiller i år med Radiobilbane og Spøkelseshus, i tillegg til det vi har vore vande med.

Stordal og Sykkylven Old Boys var utpå grasmatta. Etter fullgått tid måtte Stordal dessverre sjå seg slått med 3-1. Stordalsmålet var det Hallgeir Hove som sto for.

Tilslutt kom bandet Deludo på scena. Dette rocka skikkeleg, og med drivande bra gitarspel av vår eigen Ole Vikenes. I følge bandet hadde dei som mål "å rocke fletta av Stordal". Det greidde dei!

Vi gleder oss til resten av helga, då kjem det meir fotball, konsertar, messe, paintball og frisbeegolf, for å nemne noko.

Fullstendig program for Stordalscup, finn du her: www.stordalscup.no


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as