Mange talent i Musikkskulen

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 13.06.2006

Torsdag var det avslutningskonsert i Stordal Kultur- og musikkskule, og mange born fekk vise fram kva dei hadde lært i løpet av året.

Dei fire kornettistane fekk æra av å opne konserten. Vi fekk så høyre dei andre gruppene som er første- eller andreårs aspirantar til Skulekorpset. Det vart mykje fin musikk frå både klarinettistane, fløytene, saksofonen og karane på slagverk.

Stordal Musikkskule har mange talent og mange lærarar, men kjøper også lærerkrefter frå Ålesund. Dette er tilfelle med fiolin og cello. Også her er det rekruttering, Julia har enno ikkje starta i musikkskulen, men spelte eit vakkert stykke på fiolin.

Sist men ikkje minst fekk vi høyre elevane på piano. Desse har hatt Inna Krinica som lærar, og kunne glede oss med variert og fengande musikk. Med god hjelp frå læremeisteren, spelte dei også firhendig! Slett ikkje verst etter eit år i lære.

Stordalingar - ver stolt av ungane. Her er mykje talent. Musikk og kultur gjer livet rikare, og ungane er framtida vår!


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as