Det vårast!

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 06.05.2006

Det er med glede vi no registrerar fleire kjærkomne vårteikn.

Først og fremst ser vi at dalen vår endeleg går frå brunt til grønt. Elvane veks seg høge og sender lovnad om at no kan vi snart køyre på Sætrane igjen. Bøndene mykrar og husmødrene klagar over klesvasken som må takast ein gong til.

Borna hiv det meste av klede og lurer på når dei kan bade. Når vi har strålande sol og 20 varmegrader i byrjinga av mai, må det no snart gå an??

Fleire plakatar kjem opp om opne kioskar. Både Kokarsteinen og Campingen stiller med nye krefter i år. Og jaggu blir det ikkje pub på Overøye også!

Då kan ein berre lene seg tilbake i dei kvite plaststolane med grått belegg og nyte livet. Vi går ei fantastisk flott tid imøte.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as