Vårkonsert i Stordalshallen

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 01.05.2006

Stordal Skulekorps og Stordal Hornmusikk bedde inn til Vårkonsert på 1. mai. Det var ein konsert med variert musikk.

Hornmusikken opna konserten med nokre nummer. Spesielt må det her nemnast "Gabriels Obo" der Kristina Malene Stavseng spelte solo på fiolin. Ein flott solist!

Etter kaffipausen fortsatte skulekorpset. Også her var det gode solistar som utmerka seg på mange av instumenta. Korpset er dirigert av Åsmund Gjærde.

Dei 7 aspirantane hadde si eiga avdeling. Konfransier for kvelden; Lars Kaggerud, minte på at her var framtida til korpset. Dei framførte nummera sine kjempeflott!

Det var også utdeling av 7-års medaljer til fire av skulekorpsmedlemmane; Terese Kvamme Ødegård, Emil Moltu Staurset, Ida Moltu Staurset og Jeanett Dyrkorn Alne. Medaljene blei utdelt av leiar for korpset, Hilde Dyrkorn.

Tilslutt fekk publikum høyre to nummer som skulekorpset og hornmusikken spelte saman. "Soul Bossanova" svinga bra med såpass stort korps. Det var ein hyggeleg avslutning på ei 1. maifering i Stordal.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as