Dette stoffet er henta frå bøkene skrevne av
Toregardsslekta i Stordal;
Stordal og Langsætrane gjennom 10.000
år frå istid til nåtid
SUNNMØRE - STORDAL - LANGSÆTRANE FRÅ DEI ELDSTE TIDER
Ikkje mindre enn 40 gravhaugar er registrert i Stordal. Kvinnegrava frå Vinje frå slutten av Eldre Jernalder (400 - 500 e.kr) tyder på ein samfunnstruktur som krevde tett busetnad. Det har sannsynlegvis vore sterk lagdeling der ei lita gruppe har hatt høve til å samle eit overskot som i allefall delvis har vore omsett i luksusprega import (gullringar, sølv-og bronseringar, bronsekjeler og jernsaker).
Funn frå Jernalderen er gjort fleire stader opp
gjennom bygda og også på Overøye.
Steinalderfunn, hellarar, bogestelle er gjort også i
Langsæterområdet.
Folk har såleis budd i Stordal i etter måten
store samfunn lenge før Vikingetida (750 - 1050
e.kr.).