Grasbrann på Vidhammar

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 23.04.2006

Det brann opp ein del gras og tre mellom Vidhammar og Korsedalen laurdag kveld.

Brannen blei oppdaga rundt kl. 22.00, og vat godt synleg frå Stordal. Det viste seg at det var ei stramledning som hadde ramla ned, og sendte gnistrar ut i graset.Straumen vart omsider stengt, og brannvesenet fekk gjere jobben sin. Brannen var spredt, men det gjekk greitt å slokke den, til trass for ein god del vind.

Brannvesenet hadde og ei utrykning fredag kveld, til ein mindre pipebrann på Vinje.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as