Klubbrenn Stordal alpin

Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 12.04.2006

Årets klubbrenn for Stordal alpin vart gjennomført tirsdag 11. april 2006.

Mange deltakarar på Klubbrennet til Stordal alpin. Her er alle dei som deltok i klassa Jenter 8 år og yngre.

 

Det var over 50 deltakarar som stilte til start i årets Klubbrenn i Stordal alpin på Overøye om kvelden 11. april.
Det gror godt i alpinmiljøet i Stordal, av alle deltakande var det berre tre i Seniorklassa, resten stilte i alt frå 8 år og yngre til Junior.

Vinnar i Senior menn vart Torgeir Vad, men dagens raskaste tid stod Vegard Busengdal for (Gutar 12-13 år), tett fulgt av Erika Holand Tøsse (Jenter 12-13 år) og Jørgen Vinje Tøsse (Gutar 12-13 år).

 

Gutar 12-13 år på seierspallen.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as