Stordalsportalen AS - stifta som aksjeselskap

Protokoll frå stiftelsesmøte, åpningsbalanse og vedtekter

P R O T O K O L L

MED VEDLEGG FOR
SKIPINGSMØTE DEN 25. FEBRUAR 2006 I STORDALSPORTALEN A/S

Åpninga av vegsambandet utover i 1956. Bildet viser Stordalsportalen den gongen.

STORDAL, 25. FEBRUAR 2006

PROTOKOLL FOR SKIPINGSMØTE I STORDALSPORTALEN A/S

År 2006, laurdag 25. februar blei det halde skipingsmøte i Stordalsportalen A/S. Gjennom ulike etapper sidan hausten 2004 har det vore arbeidd med ei felles internettløysing for heile Stordalssamfunnet .

Prospekt og Tegningsblankett

I samband med skipinga av Stordalsportalen og aksjetegning i Stordalsportalen A/S er det laga eit PROSPEKT datert 27. januar 2006. Dette er distribuert til alle husstander, verksemder, lag og organisasjoner i heile Stordal Kommune. Som vedlegg til dette prospektet låg ein TEGNINGSBLANKETT der den som ynskte dette kunne tegne seg som aksjonær på oppgjevne vilkår.

Tilretteleggarane for dette skipingsmøtet, halde i Kommunesalen.

Dei som spesielt har arbeidd med Stordalsportalen frå starten av og fram til dette skipingsmøte er:
Jarle Hove, John Kr. Hjelle, Emile van Gelderen, Ruth Janne Vinje og Einar J. Hove. Disse er det som også har vore tilretteleggarane for dette skipingsmøtet.

Innkalling til skipingsmøtet.

Innkallinga til møtet er gjort ved utsending av PROSPEKTET og TEGNINGSBLANKETTEN til alle husstander, verksemder, lag og organisasjoner i Stordal Kommune.

Stiftingsmøtet i Kommunestyresalen i Stordal.

På vegne av tilretteleggarane ynskte Einar J. Hove velkomen til dette stiftingsmøtet og forslo Jonas Falch til møteleiar.
Dette vart bifalt av dei frammøtte.
Jonas Falch tok så over leiinga av møtet og etter innstilling frå tilretteleggargruppa blei det innleiingsvis gjort fylgjande val:
Til å undertegne protokollen frå stiftingsmøtet blei valgt disse 3 personane:

- Jonas Falch
- Alf Overøye
- Roger Lillebø

Til å registrere kven som har tegna seg som aksjonærar iflg tegningsblanketter og tilsvarende tegningsliste blei valgt:

- Einar J. Hove
- John Kr. Hjelle

Til spesielt å handsame gjennomgang av utkast til vedtekter blei valgt:

- Leif E. Heggen

Som personlege frammøtte stiftarar var følgande:

1. Einar J. Hove
2. Harald Jøsvoll
3. Roger Lillebø
4. Olaus Overøye
5. Alf Overøye
6. Ruth Janne Vinje
7. Kristian Almås
8. Leif Heggen
9. John Kristian Hjelle
10.Jonas Falch

Aksjekapitalen.

Den totalt tegna aksjekapitalen i Stordalsportalen A/S er iflg. ovanståande Kr. 120.000,- fordelt på 120 aksjer pålydande Kr. 1.000.- og lydande på navn. På tegningsblanketten var det også gjeve anledning til å gi direkte støtte til vidareutvikling av Stordalsportalen. Dette beløp blei summert opp til Kr. 47.000.- fordelt på 7 gjevarar som blei registrert på eiga liste.
Ovanståande summar og spesifiseringer blei gjennomgått og godkjent av stiftingsmøtet.

Betaling for aksjene og støttebeløp.

Det blei bestemt at heile aksjekapitalen og støttebeløpa skulle innbetalast seinast innan 31. mars.

Åpningsbalanse.

Stiftarane vedtok åpningsbalansen for Stordalsportalen A/S. Åpningsbalansen er vedlagt og er å ansjå som ein del av stiftelsesdokumentet.

Vedtekter.

Disse blei gjennomgått, einstemmig godkjent og dei er vedlagt protokollen.

Styre.

I samråd med tilretteleggargruppa la møteleiaren fram dette forslag til styre for 2006:

 

Vara til styret:

- Einar J. Hove Styreformann

- Olaus Overøye

- John Kr. Hjelle Medlem, kontakt datamiljøa

- Jens Åge Øvrebust

- Jarle Hove Medlem, kontakt småskalaverksemder

-

- Harald Jøsvoll Medlem, kontakt landbruksmiljøa

 

- Roger Lillebø Medlem, kontakt Kyrkje og kristenliv

 

-

 

-

 

Dei tre førstnemnde skal danne eit arbeidsutval for styret
Ingen motforslag til styremedlemer eller styreformann blei framsatt og framanforståande styre blei valgt og vedteke.

Revisor.

Til revisor blei valgt: Harald Brathaug.

Honorarer.

Det blir overlatt til styret å fastsette eventuelle honorarer.

Regnskap.

Det var på førehand teke kontakt med Regnskapsdata Marit Heggen A/S som hadde sagt seg villig til å ta på seg regnskapsføringa for selskapet. Stiftarane godkjende dette valet av regnskapsførar.

Organisering av selskapet.

Tilretteleggarane ved Einar J. Hove la fram eit forslag til organisering av funksjoner i selskapet. Dette gjekk i kortheit ut på:
Forslaget til organisering er vedlagt protokollen til orientering.
Stiftarane slutta seg til dette. Det blei understreka at det var styret sitt ansvar framover å legge opp til dei administrative ordningar som selskapet var best tjent med.

Registrering i Foretaksregisteret.

Blankett for registrering i Foretaksregisteret blei utfylt med opplysninger overens-stemmende med stiftelsesdokumentet. Eventuelle tilleggsopplysninger i blanketten er vedtatt i et eventuelt umiddelbart etterfølgende styremøte.

Underskrifter.

Undertegnede erklærer med sine underskrifter Stordalsportalen A/S som stiftet.

Stordal, 25. februar 2006

__Jonas Falch (sign.)_____Alf Overøye (sign.)_____ Roger Lillebø (sign.)___

ÅPNINGSBALANSE FOR STORDALSPORTALEN AS

EIENDELER

Krav på innbetaling av aksjeinnskudd fra aksjeeierne:

Kr.120.000,-

Krav på tilskot:

Kr. 47.000,-

   

Sum eiendeler:

Kr.167.000,-

EGENKAPITAL OG GJELD

Aksjekapital:

Kr.120.000,-

Avsatt til dekning av stiftelsesutgifter:

Kr. 7.000,-

Avsatt til dekning av andre driftskostnader:

Kr. 40.000,-

   

Sum egenkapital og gjeld:

Kr.167.000,-

Jeg bekrefter at åpningsbalansen er satt opp i samsvar med regnskapslovens bestemmelser.
Stordal, 25.02.2006

______Registrert revisor Harald Brathaug_____

VEDTEKTER FOR STORDALSPORTALEN A/S

§ 1. Selskapets namn er Stordalsportalen AS.

§ 2. Stordalsportalen skal vere Stordalssamfunnet sin viktigaste profilerings-, markedsføringsmedium og markedsføringskanal på internett. Stordalsportalen skal vere for folket i Stordalssamfunnet. Den skal også vere av folket gjennom deltaking i infosider og interne heimesider og innlegging av en mengde informasjon av mange slag innan sjølve portalen.

§ 3. Selskapets forretningskontor er i Stordal Kommune.

§ 4. Selskapets aksjekapital skal vere kr. 120.000 fordelt på 120 aksjer a Kr. 1000.- Kvar aksje lydande på namn.

§ 5. Styret skal bestå av minst 3 og høgst 7 medlemer etter generalforsamlinga si avgjerd. Det skal velgast opp til 3 varamedlemer.

§ 6. Signatur vert teikna av styreleiar. Styret kan meddele prokura.

§ 7. Innkalling til så vel ordinær som ekstraordinær generalforsamling skal gjerast skriftleg med 7 dagars frist rekna frå utsendinga.

§ 8. Stordalsportalen AS skal vere et bygdeaksjeselskap og aksjetegning blir tilbudt alle enkeltpersoner med tilknytning til Stordal, verksemder, lag og organisasjoner i Stordal Kommune. Ingen enkeltaksjonær kan eige meir aksjer enn for eit maksimumsbeløp av Kr. 10.000.-, altså 10 aksjer.

§ 9. Den ordinære generalforsamlinga vert halden kvart år jamfør §5 - 5. På generalforsamlinga skal kvar aksje ha ei stemme. Stemmene kan avgjevast ved fullmakt av aksjonær som sjølv ikkje møter på generalforsamlinga. Fylgjande saker skal handsamast og avgjerast på den ordinære generalforsamlinga:

§ 10. Moglegheit til overføring av aksjar er avgrensa idet dei andre aksjonærane har forkjøpsrett også framføre seljar/avhendar sin ektefelle/barn. Denne paragrafen gjeld ikkje ved arv i rett opp- eller nedstigende linje. Avgrensinga i § 8, gjeld uansett.
Dersom forkjøpsretten vert gjort gjeldande, kan den utnyttast heilt eller delvis. Den som ynskjer å overdra aksje / aksjar, må varsle selskapets styre om det
i rekommandert brev. Styret pliktar straks i rekommandert brev å gi alle aksjonærar informasjon om:

Den eller dei aksjonærar som ynskjer å gjere sin forkjøpsrett gjeldande, må varsle styret om dette innan 14 - fjorten - dagar etter at styret har avsendt informasjonen. Ved utløpet av denne fristen fell forkjøpsretten vekk. Underretning om at forkjøpsretten vert gjort gjeldande, må gjevast i rekommandert brev til styret ved formannen. Det er tilstrekkeleg at underretninga er sendt innan den fastsatte frist. Fristen for betaling skal vere 14 - fjorten dagar frå det tidspunkt da styret i rekommandert brev mottok underretning om den føreståande aksjeoverføringa. Er kjøpssummen i medhald til aksjelova § 4-23,2. ledd, fastsett ved skjønn, skal fristen vere 1 - ein - månad frå det tidspunkt då summen vart endeleg bestemt.
Aksjane vert å fordele mellom dei andre aksjonærane i høve til det antal aksjar kvar av dei har på gjeldande tidspunkt. Aksjelova § 4-22, 2. ledd skal såleis gjelde tilsvarende. Dersom talet på aksjar ikkje er delelig, skal den eller dei overskytande aksje (r ) fordelast mellom dei rettmessige ved loddtrekning. Den variasjon ved aksjeeige som oppstår som fylgje av dette skal det så langt som mogeleg takast omsyn til ved seinare sal av aksjer.

§ 11. Selskapet blir ikkje registrert i Verdipapirsentralen.

§ 12. For øvrig kjem den til ei kvar tid gjeldande aksjelov til anvending.




-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --
eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as