Maria fekk fornya tillit i Idol

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 22.02.2006

Maria Holand Tøsse fekk gå vidare i Idol-konkurransa på TV2.

Etter først å gått ut av konkurransa med knapp margin, vart Maria tatt ut av dommarane til å gå vidare. Det var Tor Milde som valgte ut sin favoritt, og som hovud dommar Tone Lise sa det; "Tor har hele tiden hatt Maria under sine beskyttende vinger".

Allereie på fredag skal Maria kjempe mot sju andre med "wild-card" om dei siste to plassane til finalen. Vi kryssar fingrane, tar fram telefonen, og håper Peder loddar ut ein ny sykkel.

Foto: Randi Flø, Storfjordnytt


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as